logo

Velkomen til Kalven Seter!

 

Vi gler oss som småe ungar til å ynskje deg og dine hjarteleg velkomne til Julemarknaden vår, 4. og 5. desember 2021! Laurdag 4. desember har vi ope frå 11.00-16.00 og søndag 5.desember har vi ope frå 11.00-15.00. Som alltid - stuttreiste og ureiste utstillarar med kvalitetsprodukt! Desse kjem i år:Strikkedronninga frå Randsverk, Skiferkongen frå Otta, kunstnaren Ragnhild Slåen, Gulljentene frå Naturgull kjem med ekte gull frå fjellet, Baristamamma med deilige julekaker, Baristabudeia sel julekaffe, julete og julesjokolade, Dansebandfestivaldronning, Rita Ulen frå Sel kjem med heimgjorte produkt , Bakedronning Jill Horten kjem med fersk bakst, kokken Tor kjem med røykt og urtemarinert/aquavitmarinert aure og Kosmetikkdronning Wenche Husom kjem med hudpleieprodukt. Gaveleiting for barn (0-12 år) klokka 12.00 søndag. Flotte premiar!  Vi har ope kafe med mykje god kaffe og biteti! Blir du meir svolten, - ta ein tur innom Lemonsjø Fjellstue! Lutefiskaften laurdag 4.desember 19.00. Bordbestilling! Familiejulebord søndag 5. og søndag 5. desember klokka 13.00 og 16.00! Velkomne til ei stemningsfull adventshelg i fjellet! PS! Vi har snø, så her får du ei kvit førjulsstemning! Vi krydrar dagane med bålpanner ute og peisvarme inne.

Følg oss på facebook: @kalvenseter

Les om oss i VG: http://www.vg.no/forbruker/reise/reiselivsnyheter/bytter-ut-byen-med-gaardsliv-i-hoestferien/a/23306102/

Ynskjer du å arrangere møte, lag eller andre samenkomstar utanom opningstid, ta kontakt for ein prat, så ser vi kva vi kan få til! Tlf: 976 26 554.

Kalven Seter ligg i sørenden av Lemonsjøen, mellom Lemonsjø Fjellstue og Lemonsjø Alpinsenter.  
Frå Fjellstua kan du gå til Kalven: Kryss rv. 51 på motsatt side av Fjellstua og følg gangvegen til Kalven Seter. Du kan og parkere bilen på parkeringsplassen nedanfor låven på Kalven, eller ved skiheisen.

Les om oss på Hanen: www.hanen.no