logo

Velkomen til Kalven Seter!

I veke 33 har vi ope frå 12.00-15.00 alle dagar med unntak av tysdag og laurdag! Etter veke 33, har vi ope kvar søndag til og med haustferien (veke 40). Velkomen innom!

Er du stiv og støl i kroppen, eller berre treng å mjuke opp skrotten litt? I juli og august er Massasjeterapeut og Friskvernskonsulent Unni Høiby å finne på Kalven Seter! Bestill deg ein massasjetime hjå Unni! Massasjen får du inne i det gamle seterhuset frå 1860! Du ligg på ein massasjebenk inne i det gamle ostelageret og ser utover Lemonsjøen, omkransa av lune tømmerstokkar, levande ljos og stillheit! Bestill time hjå Unni direkte: 90871734, eller hjå Kalven Seter: 976 26 554.

Les om oss i VG: http://www.vg.no/forbruker/reise/reiselivsnyheter/bytter-ut-byen-med-gaardsliv-i-hoestferien/a/23306102/

Ynskjer du å arrangere møte, lag eller andre samenkomstar utanom opningstid, ta kontakt for ein prat, så ser vi kva vi kan få til! Tlf: 976 26 554.

Kalven Seter ligg i sørenden av Lemonsjøen, mellom Lemonsjø Fjellstue og Lemonsjø Alpinsenter.  
Frå Fjellstua kan du gå til Kalven: Kryss rv. 51 på motsatt side av Fjellstua og følg gangvegen til Kalven Seter. Du kan og parkere bilen på parkeringsplassen nedanfor låven på Kalven, eller ved skiheisen.

Les om oss på Hanen: www.hanen.no